Hotellprosjektet (avslutta)

Prosjektet Industrial relations under global stress - fragmentation and the potential for representation of workers in the Norwegian hospitality sector skal bidra til forståinga av sosiale relasjonar i den norske hotellsektoren.

Om prosjektet

Det teoretiske rammeverket er inspirert av det siste tiårets nyvinningar i arbeidsgeografi (”the new geographies of work”), og søkelyset blir sett på relasjonar mellom arbeidsgivarar og arbeidstakarar, mellom ulike grupper av arbeidstakarar og deira fagorganisasjonar. Sektoren er dominert av kvinner og migrantarbeidarar. Eit viktig fokus er korleis sosiale inkluderings- og ekskluderingsprosessar påverkar kva muligheiter arbeidstakarane har til å påverke sine arbeidsforhold. Relasjonane blir forma av globalisering, økonomisk restrukturering og internasjonal arbeidsmigrasjon. Prosjektet legg vekt på at relasjonane skal bli studerte frå fleire ståstader. For arbeidstakarar og fagbevegelse er stikkorda fragmentering, sosialt partnarskap og multikulturell integrasjon. For forståinga av arbeidsgiversida er konkurransesituasjonen i sektoren den viktigaste. Dette inneber strategiar som fleksibilisering og outsourcing.

The Hotel Worker Project

For meir informasjon, sjå dei engelske prosjektsidene.

Hotellprosjektet har også ei eiga nettside: http://hotel.nibrinternational.no

Publisert 2. sep. 2010 11:09 - Sist endra 16. okt. 2017 14:31

Kontakt

Besøksadresse
Moltke Moes vei 31
Harriet Holters hus, 2 etg.
0851 Oslo

Postadresse
Postboks 1096 Blindern
0317 Oslo

Telefon og e-post
22 85 52 57 (telefon)
ekspedisjonen@sosgeo.uio.no