EUMARGINS (avslutta)

Dette prosjektet benytter kun dei engelske nettsidene. Der finn du informasjon om publikasjonar og nyheitsartiklar, oversikt over forskarpresentasjonar på konferansar, samt lenker til dei prosjekta vi samarbeider med.

EUMARGINS logo

Om prosjektet

Prosjektet er finansiert gjennom Det 7. rammeprogrammet til EU med 12 millionar kroner, samt med ei ekstra løyving frå Noregs forskingsråd. Prosjektet varar i tre år frå 1. oktober 2008 til 1. oktober 2011. Universitetet i Oslo er koordinatorinstitusjon med seniorforskar Katrine Fangen som prosjektleiar. I dei seks andre landa deltar forskarar frå universitet og/eller andre forskingsinstitusjonar i Göteborg (Sverige), Tallinn (Estland), London (England), Metz-Borny (Frankrike), Genova (Italia) og Barcelona (Spania).

EUMARGINS collage

Mål

Resultata frå prosjektet blir publiserte fortløpande i form av:

Den første boka frå prosjektet blei publisert av Ashgate i juni 2010. Den gir ei god oversikt over relevant forsking på feltet, og dessutan statistikk, lovverk og historisk utvikling i de sju ulike landa som deltar i studien.

Den neste boka frå prosjektet blei publisert av Palgrave Macmillan i november 2011. Boka har og tematiske kapittel som er basert på analyse av livshistorieintervju med til saman 250 innvandrarar og etterkommarar frå alle dei sju deltakarlanda. Våre engelske nettsider blir kontinuerleg oppdaterte.

EU-seventh-framework-programme

Emneord: EU, innvandrere, integrering, Inkludering, ekskludering, Europa, FP7
Publisert 25. aug. 2010 13:11 - Sist endra 25. apr. 2016 11:29