«Øvst ved bordet?» Ein analyse av symbolske kapitalhierarki ved Noregs Banks årsmiddag. Johs. Hjellbrekke og Olav Korsnes

Klasse- og eliteseminaret inviterer til et åpent seminar om symbolske hierarkier ved Norges Banks årsmiddag med Johs. Hjellbrekke og Olav Korsnes (Universitetet i Bergen).

Foto: UiB

Sammendrag:

Konsekrasjons- eller signingsarenaer er særskilt viktige i høve til det Pierre Bourdieu (1930-2002) omgrepsfesta som eit ‘maktfelt’. Den relative makta til agentane i dette feltet er ikkje berre avhengig av posisjonen dei innehar og deira kapitalkomposisjon, men også av at dei vert anerkjente og kjente att som heimehøyrande blant dei mektige og prominente. Denne forma for verdsetjing vil dels vere avhengig av at ein deltek og er synleg på arenaer der eins status som viktig og mektig kan verte stadfesta. Ein slik arena er er offisielle middagar, som ofte vil ha ein rituell status som ein skal vere varsam med å utfordre. Til vanleg er dei også formelle i si organisering. Reglane, skrivne som uskrivne, er strenge, og både den formelle og den subjektivt oppfatta statusen til dei ulike gjestane kan i mange høve lesast ut av bordplasseringa. Nokre bord og bordplasseringar er meir prestisjefylte enn andre. Jo nærare ein er plassert heidersgjesten eller vertskapet, jo høgare er plassen ein sjølv har i statushierarkiet. Offisielle middagar kan også ordnast hierarkisk, og i norsk samanheng utgjer Noregs Banks årsmiddag ein av dei mest sentrale konsekrasjonsarenaene.       

I dette innlegget skal vi derfor sjå nærare på dei symbolske hierarkia ved Norges Banks årsmiddag. På grunnlag av prosopografiske data om middagsgjestane i 2012, tek vi opp fire problemstillingar:

  • Kor mange kapitaldimensjonar kan ein finne i dette «konsekrasjonsrommet», og korleis kan dei tolkast?
  • På kva måtar er bordhierarkiet også eit kapitalhierarki? Sagt litt annleis: kva er samanhengen mellom bordhierarkiet og kapitalstrukturane i konsekrasjonsrommet?
  • I kva grad kan ein finne homologiar mellom kapitalstrukturane i dette rommet og strukturane i det større norske maktfeltet?
  • Endeleg: kor mange undergrupper finn ein i dette spesielle rommet, og korleis kan dei tolkast?

 

Velkommen!

 

Publisert 4. feb. 2016 12:56 - Sist endret 13. sep. 2016 13:44