Disputas: Arve Hansen

Master i samfunnsvitenskapelige fag Arve Hansen vil forsvare sin avhandling for graden ph.d. (philosophiae doctor) ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi.

Capitalist Transition on Wheels. Development, Consumption and Motorised Mobility in Hanoi

Arve Hansen

Tid og sted for prøveforelesning:

Tid: 30. juni 2016 kl. 09.15

Sted: Auditorium 7, Eilert Sundts hus

Tittel: Transforming transportation in post-socialist cities

 

Bedømmelseskomité:


Leder av disputas:

Forskningsdekan Tim Brennen, Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo

 

Veiledere:

 

I Hanoi køyrer ein bil for å få betre helse

Det fyrste ein legg merke til i Hanoi er mopedane. Summinga og tutinga av millionar av mopedar er sjølve lydsporet til den vietnamesiske hovudstaden. Dei er verkeleg overalt, både i gatene og på gangfelta, og kan få ein vanleg gåtur til å kjennes som ekstremsport for ein besøkande.

Mopedsamfunnet i Hanoi er eit av dei beste eksempla på dei store forvandlingane Vietnam har gått gjennom dei siste tiåra. Sidan landet gjekk laus på dei økonomiske reformene kjent som «doi moi» i 1986 har landet gått frå å vere eit av dei fattigaste landa i Asia til å bli rekna som ein utviklingssuksess. Reformene har gitt raskt aukande velstand og ein eksplosjon i mopedtrafikken. Medan Hanoi før var ein sykkelby, eig i dag ein familie i byen i snitt 2,5 mopedar.

Mopeden er no sjølve livsnerven i Hanoi. Eit stort fleirtal av innbyggjarane i byen brukar mopeden til alle delar av kvardagslivet, og byen har på særs interessant vis blitt forma rundt tohjulingar. Å køyre bil i dei smale gatene er vanskeleg og på mange måtar upraktisk. Likevel kjøper no stadig fleire bil. Kvifor?

Saman med tyngre transport og ein raskt aukande privatbilisme har mopedsamfunnet i Hanoi også ført til alvorlege problem med luftureining. Det er eit stykke igjen til nivået vi ser i Beijing, men store delar av året er lufta i Hanoi direkte helsefarleg å puste inn. For den raskt veksande middelkassen i Hanoi er bilkøyring eit verktøy for å unngå den verste ureininga – på særs ureinande vis.

Sjølvsagt handlar bileigarskap om mykje meir enn helse. I dagens Hanoi er bilen eit statussymbol som bekreftar suksess i det nye samfunnet. Kanskje enda viktigare så kjem bilen med løfter om komfort og tryggleik. Bil representerer ein tryggare måte å  ta med familien rundt- eller ut av byen, ein kan halde seg avkjølt og kvit i sola eller tørr og velstelt i dei kraftige regnskurane.

Denne avhandlinga handlar om mopedrevolusjon og bilen sitt inntog i Hanoi. Om økonomisk vekst og sosial endring. Industrialisering og globalisering.  Kapitalisme og sosialisme og dei nye ulikheitene i den «klasselause» sosialistiske republikken Vietnam.  Og fyrst og fremst om korleis forbruksmønster og kvardagsliv endrar seg når eit land oppnår rivande utvikling.

Vitenskapelig sammendrag

 

For mer informasjon:

Kontakt Katalin Godberg

Publisert 18. mai 2016 12:23 - Sist endret 14. juni 2017 12:58