- Solenergi endrar livet på landsbygda i utviklingsland

Solenergi har inntatt stadig fleire område i utviklingsland, og det kan spele ei nøkkelrolle i å nå FNs mål om straumtilgang til alle innan 2030. Men skal dette skje må det gjerast store grep, meiner forskar Kirsten Ulsrud.

Deltakarane i forskningsprosjektet Solar xChange kjem frå India, Kenya og Norge. Foto:Privat

Solceller kan gje folk straum utan å vere tilknytt straumnettet, og dei siste ti åra har bruken auka raskt. I Afrika sør for Sahara vart salet av små solcellepakkar tidobla frå 2011 til 2015, mest i Kenya, Tanzania, Etiopia, Uganda og Rwanda. Dei fleste pakkane var svært små anlegg til lys og kanskje telefonlading.

- Anlegga betyr mykje for folk sine liv. Men det som er oppnådd så langt, er berre ein liten start. Fleirtalet av familiar og småbedrifter som manglar straum i desse landa har framleis ikkje råd til å skaffe seg slikt utstyr, sjølv ikkje dei minste modellane, seier Kirsten Ulsrud, forskar ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi.

I prosjektet «Solar xChange» har Ulsrud og kollegaer frå fleire land studert kva som skal til for at ein annan bruk av solceller, nemleg lokale solkraftverk i landsbyar, skal lukkast. Dei har sett nærmare på tre satsingar, i India, Senegal og Kenya.

Tre eksempel i tre land

I India stod styresmaktene bak prosjektet som bygde og dreiv kraftverk til heile 1700 landsbyar. I Senegal vart jobben utført av eit lite, tysk firma med støtte frå tysk bistand i seks landsbyar, med planar om 24 til. Begge initiativa ga folk straum gjennom små lokale straumnett.

Den kenyanske modellen vart utvikla av ei forskingsgruppe og etterpå bygd på av styresmaktene med støtte frå ein utviklingsbank. Dette var små kraftverk på landsbynivå der folk mellom anna kunne leige lampar eller lade telefonane sine.

Dei tre initiativa dekte straumbehov som lys, mobillading og til ein viss grad bruk av fjernsyn, IT-utstyr, vifter, kjøleskap, kornmøller og vasspumper.

- Utbyggjarar må vere fleksible

Det finst to hovudgrupper desentraliserte anlegg for solenergi: frittståande solcelleanlegg for individuelle brukarar og landsbyanlegg for grupper av brukarar. Forskarane har studert landsbymodellar, fordi desse har potensiale til å dekke eit breitt straumbehov.

I løpet av året kan folks inntekter variere mykje.

- Vi ser at fleksibilitet er viktig om ein skal lukkast med slike anlegg. Fleksibelt teknisk utstyr, som berbare lamper med regulerbar lysstyrke, fleksible abonnements-ordningar med mange ulike prisnivå og fleksibel bruk og betaling for straumen gjennom året er viktige faktorar for å nå fleire enn i dag, seier Ulsrud.

I løpet av året kan folks inntekter variere mykje, forklarer ho.

Anlegg må følgjast opp

Utbyggjarane må også vere motiverte til å få det til, meiner Ulsrud. Ein slik motivasjon såg dei i alle dei tre prosjekta dei studerte.

At utbyggjarar og styresmakter er opne for slike endringar er heilt sentralt dersom ein skal lukkast

- Ein må ha ei god oppfølging av drifta og rom for endringar når ein ser kva som fungerer og ikkje. I India erfarte delstatsstyresmaktene til dømes at folks interesse for å bruke straum auka ettersom dei fekk tilgang på straum dei hadde råd til, og kapasiteten måtte utvidast, seier ho.

Delstatsstyresmaktene møtte byråkratiske hindringar, for dei sentrale styresmaktene  hadde ikkje eit system for å auke kapasiteten. Men etter kvart gjekk det. At utbyggjarar og styresmakter er opne for slike endringar er heilt sentralt dersom ein skal lukkast, meiner Ulsrud.

- Ved nokre tilfelle ser ein at utbyggjarar ikkje er så engasjerte i den langsiktige straumforsyninga. Kanskje er drivkrafta å vise omverda at dei satsar på solenergi.

I slike tilfelle har anlegga ofte brote saman etter ei kort stund og folk har mista straumen.

- Ein myte at alle har råd

I verda er det i dag rundt éin milliard som manglar straum. I tillegg er det nærmare to milliardar som har dårleg fungerande straumforsyning. Ifølgje Ulsrud er det ein myte at prisen på solceller no har blitt så låg at alle har råd til å bruke det.

Det folk utan straum gjerne ønskjer seg aller mest, er elektrisk lys

- Dessverre er det mange som knapt kan betale for straum i det heile fordi dei ikkje eingong har nok pengar til mat, medisin eller skulegang for borna sine.

Det folk utan straum gjerne ønskjer seg aller mest, er elektrisk lys. Då kan dei til dømes gjere lekser, produsere ting for sal, ha lys til barnefødslar, eller berre føle seg tryggare.

- Men i same landsby kan det vere stor skilnad på økonomien til ulike innbyggjarar. Nokre kan betale for eit høgare straumforbruk. Då er det viktig at tilbodet er fleksibelt og tilpassa ulike grupper, seier Ulsrud.

Håper på betre finansieringsordningar

FN har sete som mål at alle skal ha tilgang på straum innan 2030. Ulsrud understrekar at det ligg eit enormt energipotensiale i sola, men at det er mykje å gå på for å utnytte det.

- Det er vanskeleg og svært kostbart å nå alle med det vanlege straumnettet. Solcelleanlegg kan brukast omtrent overalt og i alle slags storleikar. Men på landsbygda i utviklingsland møter alle aktørar, uansett straumkjelde, ei felles utfordring: Økonomisk berekraftig drift er svært vanskeleg å oppnå. Dei får ikkje dekka utgiftene sine.

Både styresmakter i utviklingsland og private verksemder må få lettare og betre tilgang på finansiering og støtte.

Kirsten Ulsrud meiner at dagens finansieringsordningar bør vidareutviklast slik at dei passar for dei aktørane som går i bresjen for å få til betre solenergimodellar. I dag er det mellom anna bistandsorganisasjonar og internasjonale investeringsfond som finansierer slike anlegg.

- Både styresmakter i utviklingsland og private verksemder må få lettare og betre tilgang på finansiering og støtte. Dette er ei indirekte støtte til dei som treng det mest.

Vidare trengst det meir innovasjon i forretningsmodellar, politikk og utvikling av løysingar som kan dekke behova til dei aller fattigaste.

- Men straum er ikkje nok. Dei grunnleggande årsakene til fattigdom ligg i dei store samfunnsstrukturane. Endring av energisystema er berre ein del av dei større samfunnsomleggingane som trengst.  

Les mer om prosjektet SolarxChange (på engelsk) 

Av Silje Pileberg
Publisert 8. feb. 2018 13:16 - Sist endret 12. feb. 2018 10:59