Kaffien er truga av klimaendringar

Skal vi ha tilgang på god kaffi i framtida, må kaffidrikkarar spørje seg kva kaffien betyr for dei og kva dei er villige til å betale, meiner ISS-stipendiat Milda J. Nordbø.

kaffebønner

Er konsumentar villege til å betale meir, kan kaffibøndene også overvinne utfordringar, seier Milda J.Nordbø.

– Klimaendringar gjer at vi får mindre kaffi, dyrare kaffi og til dels dårlegare kaffi. I Noreg vil kaffikundar mislike at prisen går opp, men situasjonen er langt meir alvorleg for bønder som mistar store delar av avlingane sine. Mistar dei 70 prosent av avlingane, mistar dei også 70 prosent av årsinntektene, seier Nordbø, som er stipendiat ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo.

Dårlegare avlingar og redusert kvalitet  

Klimaendringar trugar verdas kaffiavlingar både på grunn av høgare temperaturar, lengre tørkeperiodar, meir intense nedbørsepisodar og meir motstandsdyktige skadedyr og plantesjukdomar, ifølgje kaffiindustriens forskingsorganisasjon World Coffee Research

Dette fører til dårlegare avlingar og redusert kvalitet for produsentane, noko som kan tvinge dei over i andre marknader eller skape migrasjon.

 – Kaffien frå Costa Rica er til dømes bærtørka. Bæra blir tørka i staden for vaska. Med det bruker ein mindre vatn, men det krev meir arbeid fordi ein må snu på dei i tre veker, seier Nordbø.

Bladrust øydelegg avlingar

Milda J.Nordbø 

Garden på Costa Rica har lenge produsert økologisk, men denne avlinga blir den siste økologiske. – No mistar garden store deler av avlingane sine på grunn av bladrust, og dei klarer ikkje å handtere det økologisk lenger. I ein del land kan bøndene flytte produksjonen lenger opp i høgda, men dette går ikkje i Costa Rica, seier Nordbø.

Ifølgje ein studie publisert i tidsskriftet Food Security  i 2015, er endra vérforhold ei hovudårsak til bladrust i Latin-Amerika, kombinert med låge kaffiprisar som gjer at bøndene ikkje har råd til å nedkjempe problema.

Vill etiopisk kaffi

I Etiopia veks kaffi vilt i skogen. Sjølv om mykje i dag også dyrkast i plantasjar, er landet kjent for eit stort artsmangfald, og kanskje vil besøkande på Forskningstorget kjenne at denne kaffien har meir smak av plantar og sitrus.

– Kaffisektoren trur at noko av svaret på korleis dei skal tilpasse seg klimaendringar, ligg i mangfaldet i den etiopiske skogen. Problemet er at dette mangfaldet er truga av klimaendringane, seier Nordbø. Opp mot halvparten av dei etiopiske kaffisortane står i fare for å forsvinne.

Opp mot halvparten av dei etiopiske kaffisortane står i fare for å forsvinne.

– Det er eit tap i seg sjølv, fordi smakar går tapt, men det kan også bety eit tap i genar som er meir motstandsdyktige mot skadedyr og bladrust.

Intens nedbør trugar brasiliansk kaffi

I Brasil dyrkast det store mengder kaffi, men på grunn av meir intens nedbør blir kaffitre og -blad øydelagde.

– Ein del bønder prøver å ha dobbel avstand mellom trea, slik at dei lettare skal tørke. Men det gjer også at dei bruker dobbelt så stor plass for å dyrke kaffien, forklarer Nordbø. Slik kan bønder miste halvparten av inntekta si. – Det er ikkje muleg for alle å kjøpe meir jord, og ein skal heller ikkje hogge vekk regnskog for å få plass til meir jordbruk.  

Kva vil vi betale?

I doktorgraden undersøkjer Nordbø alle ledd i kaffiens verdikjede, alt frå norske kaffikundars preferansar og betalingsvilje til bøndene sine preferansar og tankar om kva som er viktig for dei.

Nyleg kom ho heim etter eit halvt års feltarbeid i Burundi i Afrika, der ho følgde eit prosjekt som jobbar for meir berekraftig kaffiproduksjon. Her erfarte ho mellom anna at kaffien i seg sjølv ikkje var det viktigaste for bøndene. Å kunne leve av jorda og forsørgje familien var derimot høgt verdsett. Vi har ingen garanti for at bønder vil halde fram med å dyrke kaffi. Kanskje går dei over til andre næringar viss kaffiproduksjon blir for vanskeleg.

Vi har ingen garanti for at bønder vil halde fram med å dyrke kaffi. Kanskje går dei over til andre næringar viss kaffiproduksjon blir for vanskeleg.

Kan selje til høgare pris

Prosjektet ho var del av under feltarbeidet har gått utfordringane i møte mellom anna ved å etablere eit samarbeid mellom kaffibøndene og dei som foredlar bønnene. Såkalla «coffee scouts», kaffispeidarar, fungerer også som bindeledd mellom bøndene og områdets hovudagronom, slik at bøndene stadig får oppdatert fagkunnskap. 

Nordbø ser prosjektet som eit eksempel på kva som trengs ettersom klimaendringar skaper stadig større utfordringar for kaffiproduksjon. Informasjon ho har fått frå bøndene, tydar på at kaffitrea har blitt sunnare og meir produktive sidan prosjektet starta.

– Bøndene har blitt meir motstandsdyktige mot klimaendringar. Dei får også betre betalt, både fordi dei produserer meir kaffi og fordi dei får ein betre kilopris, seier ho.

Kundane må reflektere

Ho ser det som viktig at dei gode historiene når fram til konsumentane. Prosjektleiarane i Burundi har knytt til seg kjøparar i USA, Europa og Australia som er villige til å betale ein høgare pris fordi dei kjenner historia bak.

Ifølgje Nordbø viser prosjektet at dei ulike ledda i verdikjeda er tett knytte saman. Er konsumentar villege til å betale meir, kan kaffibøndene også overvinne utfordringar.

– Viss ein får det til i Burundi, eit av verdas fattigaste land, må det også vere muleg å få det til andre stader. Same oppskrift kan ikkje nyttast overalt, for ulike kaffiregionar har ulike utfordringar. Men kundane sin refleksjonsevne og produsentane sin situasjon heng alltid tett saman, seier Milda J. Nordbø.

 

Av Silje Pileberg
Publisert 20. sep. 2017 20:39 - Sist endret 25. sep. 2017 10:36