Fredsforhandlingane i Colombia er nesten i mål

Colombia nærmar seg ein fredsavtale med FARC-geriljaen, men allereie i 2005 starta landet eit oppgjer med overgrepa som har skjedd. I dag er Colombia det landet i Latin-Amerika der ofra sine rettar står sterkast, ifølgje samfunnsgeograf Jemima Garcia-Godos. 

FNs generalsekretær Ban Ki-moon og FARC opprørsleiaren  Rodrigo Londono handhelsar. Cubas president Raul Castro, Colombias president Juan Manuel Santos og Noregs utanriksminister Børge Brende ser på etter å ha signert ei historisk våpenkvile avtale mellom den colombianske regjeringa og FARC-opprørarar i Havana, Cuba, 23 juni 2016. Foto: REUTERS/Enrique de la Osa

Sidan 2012 har det pågått fredsforhandlingar mellom FARC-geriljaen og den colombianske regjeringa i Havana, med Noreg og Cuba som tilretteleggjarar. 22. juni 2016 vart partane samde om det femte av seks punkt: om vilkår for avvæpning, demobilisering og reintegrering av geriljasoldatar. Utanriksminister Børge Brende var til stades når denne delen av avtalen lanserast 23. juni. 

– Dette var det siste store punktet som gjenstod. No må partane berre bli samde om den praktiske implementeringa. Truleg blir ein fredsavtale underteikna i august, seier samfunnsgeograf Jemima Garcia-Godos , medredaktør av boka Transitional Justice in Latin America , som gjer reie for oppgjersprosessar i ni ulike latin-amerikanske land. 

Med ein fredsavtale vil nye ordningar for å ta oppgjer med fortida bli innførte i eit land med ei tung historie. Men arbeidet starta allereie i 2005, lenge før konflikta var over.   

Ein lang og kronglete veg mot eit oppgjer

Å gjere opp med fortida er ein utfordrande geskjeft i eit land som har mista over 220.000 innbyggjarar i drap, krig og tortur dei siste femti åra. I tillegg har millionar mista heimane sine i den interne konflikta i landet; rundt 6 av 48 millionar colombianarar er på flukt i eige land.  

– Lova «Justice and peace» som vart innført i 2005 er ein godt bevart løyndom. Men under denne har 50.000 paramilitære og geriljasoldatar demobilisert, og oppreising for ofra har endeleg kome på dagsorden, seier Garcia-Godos.  

Lova vart innført av president Álvaro Uribe Vélez med sikte på demobilisering av valdelege grupper og oppreising til ofra etter ein rettsleg prosess. Først melde paramilitære seg til ordninga, og etterkvart også geriljasoldatar. Dei fekk lovnader om kortare straffer, men til gjengjeld måtte dei demobilisere og gje informasjon om overgrep som hadde skjedd. Dei måtte også gje erstatning til ofra. Prosessen pågår framleis.

– Ordninga har fungert til ein viss grad, sjølv om det er lett å finne kritiske punkt. Til dømes har mange paramilitære organisert seg på nytt i nye kriminelle grupper. Rettsprosessane tok også lenge altfor lang tid, det kunne ta årevis før ofra fekk oppreising. Mange fekk det ikkje i det heile tatt, seier Garcia-Godos.

Staten var friteken for ansvar  

Paramilitære grupper har stått for dei mest omfattande overgrepa i Colombia. Ei paramilitær gruppe er ein uoffisiell, ikkje-statleg kampstyrke. Gruppene vart oppretta på 1980-talet av jordeigarar og narkokartell for å nedkjempe geriljaen og venstresida generelt. I 1997 slo dei seg saman til éin styrke, som i 2002 vart samde med staten om å leggje ned våpna. Det tok tre år før demobiliseringa kunne iverksetjast gjennom lova «Justice and peace».

Også staten og geriljagruppene FARC og ELN har mange liv på samvitet. FARC-medlemmer har hatt mulegheita til å demobilisere individuelt innanfor «Justice and peace», men ikkje kollektivt, som dei paramillitære. Dette vil først skje med den nye fredsavtalen.

Staten var friteken for ansvar i «Justice and peace»-prosessen. Dette endra seg då president Juan Manuel Santos Calderón kom til makta i 2010.

Presidentens første lovforslag var «Law of Victims and Land Restitution», ei lov som skulle fremje rettane til offer for valdshandlingar og dei som hadde mista jordeigedomane sine. Lova vart implementert, og det kunne no bli gjeve oppreising i saker der staten hadde stått for overgrepa. Det vart også slutt på langdryge ventestunder for offer og pårørande. Statlege oppreisingsprogram og -tiltak har blitt oppretta både for individ og større grupper. Programma omfattar psykisk helsehjelp, erstatningsordningar og tilbakeføring av jord og eigedom.

Jemima Garcia-Godos
Jemima Garcia-Godos. Foto: UiO

Ofra sine rettar på dagsorden

Sjølv om «Justice and peace» er langt frå ein perfekt prosess, vektlegg Garcia-Godos at staten har sete på dagsorden eit omgrep som tidlegare vart lite brukt, nemleg ofra sine rettar.

– Alle i Colombia veit no kva det betyr. Det betyr retten til rettferd, sanning og oppreising, seier ho.

Her skil Colombia seg frå andre latin-amerikanske land, ifølgje boka «Transitional Justice in Latin America». Ofra og dei pårørande har fått ein status, trass i at Colombia var det einaste landet der ein slik prosess starta før konflikta var over.  

– Colombia er i dag det landet i Latin-Amerika der ofra sine rettar er eit etablert begrep. Kjem du med radikale endringsforslag på den politiske venstresida, har det null effekt. Argumenterer du for ofra sine rettar, har du derimot ein moralsk legitimitet. Det er ikkje muleg å motseie deg, seier Garcia-Godos.

Det var derfor ikkje tilfeldig at Santos sitt første lovforslag omhandla nettopp ofra sine rettar, ifølgje Garcia-Godos. Colombianarane kravde det.

Oppgjer med fortida i mange land

Boka tar for seg ni land: Argentina, Brasil, Chile, Colombia, Guatemala, El Salvador, Paraguay, Peru og Uruguay. I alle landa har mekanismar for å ta oppgjer med fortida blitt oppretta etter overgangen til demokrati og fred på 1980- og 90-talet. Før dette hadde landa opplevd militærdiktatur og interne konfliktar.

Kvaliteten på ordningane varierer, og også måten det blir gjort på. Oppgjer kan skje i form av rettssaker, sanningskommisjonar, oppreising eller amnestiar, og alle landa har innført minst eitt av desse tiltaka. Men vegen er lang, og ofte er det to skritt fram og eitt tilbake. Og i nokre land, til dømes Guatemala, er det framleis sterke krefter som gjer det umuleg å straffeforfølgje overgriparar.

Sjølv om prosessen i Colombia har sine svake sider, har andre land likevel noko å lære, meiner Garcia-Godos.

– Prosessen har vore kjenneteikna både av krav til demobilisering og oppreising til ofra. Dette er ei interessant kobling som ein ikkje ser andre stader, og det har til dels fungert, seier ho.

Vegen vidare

Ein fredsavtale mellom staten og FARC vil igangsetje ei demobilisering av FARC-geriljaen som gruppe. Det vil også medføre ei ny ordning for rettsleg ansvarliggjering, som er inspirert av «Justice and peace». Eit design ligg klart med namnet «Special Jurisdiction for Peace».

– Ordninga legg opp til ein eigen domstol for geriljamedlemmer og statlege aktørar som har gjort grove menneskerettsbrot. Straffeutmåling og vilkår vil avhenge av om vedkomande innrømmer overgrepa og medverkar til at sanninga kjem fram, forklarer Garcia-Godos, som legg til at fredsavtalen skal byggjast inn i grunnlova slik at ingen presidentar kan endre på dette seinare.   

Eit positivt trekk ved forhandlingane i Havana er at offer for alle sider i konflikta har blitt inviterte til å ta del. Fem delegasjonar av offer og pårørande har besøkt Havana og fortalt om krigshandlingar, intern fordriving, kidnapping, tortur og drap på vener og familie.

– Dei fleste i forhandlingane er samde om at historiene har gjort eit stort inntrykk. Truleg har det også påverka utforminga av dei mekanismane som den nye rettslege ordninga legg opp til, seier Jemima Garcia-Godos.

I mars 2016 vart det annonsert at også geriljagruppa ELN ønskjer å starte fredsforhandlingar. Desse vil truleg skje i Ecuador, men starttidspunktet er uklart. Både staten og ELN har krav dei ønskjer å få tilfresstilt før forhandlingane set igang.

Av Silje Pileberg
Publisert 24. juni 2016 11:23 - Sist endret 24. juni 2016 14:58