Mykje å vinne på lokale straumløysingar

Rundt 1,3 milliardar menneske i verda lever utan tilgang på straum. Samfunnsgeograf Kirsten Ulsrud har studert alternative løysingar for område der straumnettet er langt unna.

flere mennesker sitter på en sten og snakker

Kirsten Ulsrud tok prosjektet til Kenya. Foto: privat

Medan tilgang på straum er ei sjølvfølge for mange, lever framleis rundt 18 prosent av verdas folk utan  straum. Dette gjer livet tungvint for mange, mellom anna gjer det skulegang vanskeleg på grunn av dårleg leselys. I ein doktorgrad har samfunnsgeograf Kirsten Ulsrud utforska løysingar som kan nå menneske som fell utanfor dagens straumforsyningsordningar.

– Ekspertar på global energiforsyning har peika på at det mange stader er vanskeleg å nå folk via straumnettet, og at det derfor trengs ulike lokale løysingar. Vi har sett nærare på korleis solcelleteknologi kan brukast i lokal straumforsyning, seier Ulsrud, forskar ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi.

Ho har også sett på korleis erfaringar kan overførast mellom land eller stader. Saman med forskarar, ingeniørar og lokale energiekspertar frå India, Kenya og Noreg, studerte ho eit etablert system i India og såg på mulegheitene for å overføre dette til ein landsby i Kenya.

Øyar i Bengalbukta var tidleg ute

Ulsrud og kollegaene tok utgangspunkt i Sunderban-øyane i den indiske Bengalbukta. Her har folk i rundt femten år nytta lokale solcellekraftverk, såkalla «minigrids», som erstatning for vanleg straumtilførsel som var vanskeleg å få til på øyane. Kraftverka har lokale distribueringsnett til bygningar i området rundt. Dei tilbyr ikkje store mengder straum, men nok til å kunne dekke grunnleggande behov til lys, pc-bruk, mobillading og små maskiner, mellom anna vasspumper.

Khashmahal solar power plant, Sagar Island
Khashmahal solar power plant, Sagar Island. Foto: privat

– Sunderban-øyene var tidleg ute med å etablere lokale solcellekraftverk, men folk hugsar framleis godt tida då dei berre hadde parafinlampar. Dei snakkar mykje om at det brukte å vere heilt mørkt der. Tilgang på straum er i dag svært viktig for mange av dei, seier Ulsrud.

Dei lokale kraftverka tilbyr rimeleg straum, som blir lagra i batteri gjennom dagen og slått på om kvelden. Men det er ikkje fritt for utfordringar.

– I byrjinga fungerte systemet svært godt. Men dei siste åra har folk brukt meir straum enn det som har vore avtalt. Det har ført til at batteria får kortare levetid, og det har blitt dyrare å vedlikehalde kraftverka. Dette er eit problem som går att mange stader. Det er ei utfordring å balansere inntekter og utgifter på eit slikt lokalt kraftverk. Folk som bur i desse områda har ofte få mulegheiter til å betale for auka straumutgifter, seier Ulsrud.

Ville ta idear med til Kenya

Ein del av forskingsgruppa var frå Kenya, og etter å ha fått innsikt i kva som fungerte bra og mindre bra på Sunderban-øyane, ønskte gruppa å undersøke om erfaringane kunne brukast til å starte eit energiprosjekt i Kenya. Dei valde å sjå nærare på ein landsby som mangla straumtilgang og der ei tilkopling til straumnettet var lite realistisk.

Det var viktig for Ulsrud, som drog i gang prosjektet, at fleire forskarar og ingeniørar frå Kenya var med i gruppa.

– Vi ville ikkje kome inn som ei utanlandsk gruppe med ferdige løysingar. Vi ville byggje på det energiekspertar i Kenya ønskte å få til og sjå korleis forskingsprosjektet kunne leggje til rette for nye steg, seier ho. 

Ulsrud karakteriserer ein del av prosjektet som «aksjonsforsking». Forskarane sat ikkje berre på sidelinja og observerte, dei var også med på å prøve å finne løysingar. Tanken med ei slik involvering var at det ville auke innsikta til forskarane, sjølv om det ifølgje Ulsrud også har innebore metodologiske utfordringar.  

Kirsten Ullsrud
Kirsten Ulsrud. Foto: UiO

Vart inspirerte av lokale ladestasjonar

Landsbyen i Kenya kunne ikkje berre kopiere dei lokale solcellekraftverka på Sunderban-øyane. For i Kenya budde folk svært spreitt, og solcellekraftverka hadde ei avgrensa rekkevidde. Kanskje kunne dei nå 2-3 kilometer, medan bustadene i den kenyanske landsbyen kunne vere ei heil mil unna området der straumforsyninga skulle installerast, noko som ikkje er uvanleg i Afrika. 

Men på Sunderban-øyane hadde gruppa også fått presentert ei anna løysing. Dette var ladestasjonar med solcelleanlegg. I staden for at alle bustader måtte koplast opp til nettverket, kunne folk kome til ladestasjonen og hente ein berbar lampe.

– På førehand trudde vi det var viktig for folk å ha straum installert i bustaden. Men vi såg at i ein del lokalsamfunn kan folk ha vel så stor nytte av ein berbar lampe. Denne kan dei ha med seg når dei skal sjå etter dyra ute, lage mat eller sjekke senga for insekt før dei legg seg, seier Ulsrud. 

I Kenya valde gruppa å gå vidare med denne ideen. Dei tok initiativet til etableringa av eit energisenter med berbare lampar, telefonlading, it-tenester og tv-visningar.  

– Små, enkle løysingar som ein ladestasjon eller eit energisenter kan vere mykje meir nyttig enn det ein trur i utgangspunktet. I somme lokalsamfunn er folk vande til å gå mykje. Dei kan enkelt ta med seg ein lampe når dei likevel skal forbi. Eit slikt senter kan vere eit steg oppover for eit samfunn som tidlegare ikkje har hatt straumtilgang i det heile tatt, seier Ulsrud. 

Må tilpassast lokalsamfunnet

Ulsrud og resten av gruppa såg at det var svært nyttig for lokale fagfolk å kunne hauste erfaringar frå andre samfunn. Slik fekk dei idear som dei kanskje elles ikkje ville fått tilgang på. Men gruppa såg også kor viktig det er at ordningane tilpassast lokale forhold.

– Det er fort gjort å konsentrere seg om tekniske løysingar som lyskvalitet, batteritype eller pris på tenestene. Men sjølv om dette er sentrale element, er det dei ikkje-tekniske sidene som har mest å seie for korleis ei ordning fungerer i praksis. Skal vi innføre lokale energiløysingar, er vi nøydde til å forstå kva som kjenneteiknar det enkelte samfunnet og kva folk der har bruk for. Klarer vi dette, kan vi gradvis få store, omfattande teknologiendringar der store grupper menneske får betre føresetnader, seier Kirsten Ulsrud.

Ho legg til at idear og planar som ein har på førehand, alltid vil gje litt andre resultat enn det dei involverte partane trur. Dette er typisk for alle former for innovasjon.

– Ordningane som blir innført må difor ha ein fleksibilitet, slik at det er muleg å gjere ytterlegare tilpassingar etterkvart som det oppstår problem og etterkvart som folk får nye idear for betring..

Av Silje Pilberg
Publisert 19. nov. 2015 15:10 - Sist endret 5. feb. 2024 13:10