Kan ikkje skulde på stressande jobbar

Kvinner har høgare sjukefråver enn menn, men det er ikkje høgare arbeidsbelasting som har skulda, ifølgje ny forsking. – Skal vi forstå årsakene til kvinner sitt høge sjukefråver, må vi leite andre stader enn i arbeidslivet, seier forskar Anne May Melsom. 

illustrasjonsbilde: colourbox.com

Medan sjukefråveret blant menn i 2014 låg rundt 5 prosent, var fråveret blant kvinner over 8 prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Skilnaden i sjukefråveret er vedvarande og stabil, og det har vore vanskeleg å finne ei god forklaring.

Éin av hypotesane som har blitt lagt fram er at kvinner har meir belastande jobbar enn menn, og at kvinnedominerte yrke innan sektorar som skule og helse tærer på helsa. Men resultata frå ein ny doktorgrad ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi peikar i éi retning:

– Vi kan ikkje skulde på meir stress i kvinnedominerte yrke. Tvert imot tydar våre data på at menn har meir belastande jobbar enn kvinner, seier stipendiat Anne May Melsom.

Lever lenger, men er meir sjuke

Menn lever kortare enn kvinner og blir oftare ramma av ei rekke alvorlege sjukdommar. Likevel skårar kvinner dårlegare enn menn på dei fleste helseindikatorar. Til dømes opplever kvinner meir psykisk stress, dei rapporterer jamt over dårlegare helse og bruker helsetenestene hyppigare. I dei fleste land er også sjukefråveret blant kvinner høgare enn blant menn.

Kvifor er det så slik? I forskingslitteraturen har to forklaringar blitt trekte fram: Den eine er at kvinner og menn er på ulike stader i samfunnet og fyller ulike roller, noko som for eksempel kan innebere at kvinner har meir belastande jobbar. Den andre hypotesen er at kvinner er meir sårbare og dermed rammast hardare.

Dei nye forskingsresultata tydar på at forklaringa ikkje er å finne på kvinner sine arbeidsplassar. Anne May Melsom og kollega Arne Mastekaasa har lagt til grunn spørjeundersøkingsdata frå 17 europeiske land i perioden 1998-2008 når dei slår beina under hypotesen om at kvinnedominerte yrke er meir belastande. Noreg var eitt av landa som var med i studien, som er publisert i European Sociological Review.

Større skilnad i same yrke 

Anne May Melsom. Foto: Tønnes Homme

– Dersom eigenskapar ved yrket skal kunne forklare høgt fråver blant kvinner, bør kjønnsskilnaden i sjukefråveret bli mindre når vi samanliknar menn og kvinner med same yrke. Det er ikkje tilfelle; det ser heller ut til å vere motsett. Når vi ser på kvinner og menn i same yrkeskategori, finn vi ein større skilnad i fråveret enn når vi samanliknar kvinner og menn sett under eitt, seier Melsom.

Ho understrekar at mennene og kvinnene i undersøkinga ikkje har blitt spurte direkte om arbeidsvilkåra sine.

– Når vi seier at kvinner sine arbeidsplassar i gjennomsnitt truleg er mindre belastande, ser vi dette heller som ei rimeleg forklaring på resultata våre.

Jamn kjønnsbalanse, mindre sjukdom

Eit anna funn i doktorgraden, som også har blitt sett i tidlegare studiar, er at yrke som er anten kvinne- eller mannsdominerte har høgare sjukefråver enn yrke med jamnare kjønnsfordeling. I Noreg er sjukefråveret høgast i kvinnedominerte yrke.

– Resultata våre tydar på at individ med høg tendens til sjukefråver er overrepresenterte i kvinnedominerte yrke. Eitt eller anna gjer truleg at kvinner med større sjanse for sjukefråver søkjer mot desse jobbane. Det ser ut til at slike seleksjonsmekanismar, snarare enn usunne arbeidsvilkår, skaper høgt fråver, seier Melsom og legg til:

– Kanskje kan enkelte kvinnedominerte yrke vere enklare å kombinere med andre krav i livet, som familie. Det kan hende desse yrka opnar opp for deltidsarbeid i større grad og dermed tiltrekkjer personar som treng ein meir fleksibel arbeidsdag.

Høgt fråver i mannsdominerte yrke trur forskarane skuldast eigenskapar ved yrka, for eksempel meir belastande arbeidsvilkår.

Akseptere skilnaden? 

Forskarane ser altså ingen teikn til at kvinner blir diskriminerte inn i sektorar som øydelegg helsa deira. Og svaret på kvifor kvinner har høgare sjukefråver enn menn, lar vente på seg.

Dei nye forskingsfunna tydar likevel på at ein må leite etter svaret andre stader enn i yrkeslivet.

– Ein må gjerne sjå på yrket og arbeidsplassen for å finne tiltak for å redusere sjukefråveret, men for å redusere kjønnsskilnadene er det kanskje ikkje her ein skal starte, seier Melsom.  

I andre studiar har forklaringar som «dobbelt-arbeid-hypotesen» blitt undersøkt, altså at kvinner tar mest ansvar for familie og at dette går ut over helsa, men heller ikkje denne hypotesen får støtte. Det er nemleg ingen stor auke i sjukefråveret etter at ein har fått born. Graviditetsrelatert fråver forklarer mykje av skilnaden i fruktbare aldersgrupper, men ikkje alt.

– Kanskje er det viktigare å prøve å finne ut kva ein kan gjere for å få ned sjukefråveret totalt sett enn å henge seg veldig opp i kjønnsskilnadene. Desse skilnadene har vore stabile lenge, og dei er vanskelege å forklare. Kanskje må vi berre akseptere at der er ein liten skilnad, seier Anne May Melsom.

Av Silje Pileberg
Publisert 29. okt. 2015 10:00 - Sist endret 30. okt. 2015 10:12