Pregar barndomsvennene oss for alltid?

Eit nytt SV-prosjekt skal studere korleis dei sosiale omgivnadene under oppveksten pregar oss, både i seinare skulgang og elles i livet.

Endringar i folkesamansetnaden dei siste 10-20 åra har gjort at mange nabolag har endra seg raskt. Nokre nabolag har no ein høg prosentdel innvandrarar, og samansetnaden av elevar på mange skular har endra seg kraftig. Kva betyr nabobarna eller medelevane sin bakgrunn for korleis barn gjer det seinare i livet?

Dette er eitt av spørsmåla Gunn E. Birkelund og kollegaene stiller når dei tar fatt på forskingsprosjektet “Ethnic segregation in schools and neighbourhoods: Consequences and Dynamics”. Prosjektet har fått 11 millionar kroner i støtte frå Forskningsrådet.

- I hovudsak vil vi gjere analysar basert på registerdata frå Statistisk sentralbyrå. Desse dataa gjer det muleg for oss å følgje personar over tid. Vi kan spole tilbake til barndommen til dei som er vaksne i dag og prøve å forstå kor vidt dei sosiale omgivnadene i barndommen deira har påverka dei, til dømes i sysselsetjing seinare i livet, seier Birkelund.

I tillegg til å sjå på konsekvensar av etnisk og sosio-økonomisk samansetnad, skal forskarane studere kvifor vi vel å bu der vi bur og kvifor vi vel ein bestemt skule til borna våre. Dei skal altså undersøke kva som er årsakene etnisk og sosio-økonomisk segregering.

Det er Forskningsrådets program Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) som finansierer det nye prosjektet, som inkluderer forskarar frå sosiologi, samfunnsgeografi, demografi og økonomi. Fleire av dei involverte har lang erfaring frå forsking på segregeringsspørsmål. Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi samarbeidar også med Frisch-senteret, Statistisk sentralbyrå og forskarar i Stockholm og Madison, USA.

Av Silje Pileberg
Publisert 27. juni 2014 13:54 - Sist endret 5. aug. 2016 08:23