Fredsstudiet redda i siste liten
Institutt for statsvitenskap har i nært samarbeid med fagmiljøa kome fram til ei løsying som gjer at det likevel blir opptak til Peace and Conflict Studies (PECOS) neste haust. Men studiet blir dyrare for fakultetet, og tilbodet til studentane redusert.
Foto: Wikimedia
– Vi hadde ikkje klart å få til denne avtalen utan den genuine og utstrakte velviljen frå dei samarbeidande einingane, seier kontorsjef på ISV, Jenny Nornes.
Etter at ISV fekk bedre økonomiske rammer frå fakultetet gjekk dei gjennom bemanningssituasjonen på nytt saman med dei involverte einingane. Dei vart til slutt samde om ei løysing som gjer at dei meiner det er fagleg forsvarleg å ta opp nye studentar på det populære masterstudiet neste haust.
|
Kontorsjef ved ISV, Jenny Nornes |
Redusert tilbod
Ordninga inneber at fakultetet aukar utgiftene for programmet vesentleg, og ein må legge nokre avgrensingar på det relativt frie valet PECOS-studentane har hatt på val av tema for masteroppgåva.
Instituttet får ikkje dekning på alle område når det gjeld sensur og vegleiing.
– Løysinga som vi har blitt samde om er korkje langsiktig eller robust og er difor berre akseptabel i ein overgangsperiode, seier Nornes.
Engasjerte studentar
Etter at fakultetet føreslo for universitetsstyret å stoppe opptaket til prestisjestudiet, har studentane engasjert seg kraftig i saken. Det har vore både underskriftskampanje, debattar og utspel i media.
– Studentane sitt smittande engasjement for PECOS har vore ei drivkraft i arbeidet med å få til ei løysing, seier Nornes.
Les òg: Intervju med instituttleiar Øyvind Østerud i Dagsavisen
