Først i Albania
Knut Sydsæter fekk nyleg ei fagbok utgitt i Albania. Det er han truleg åleine om i Norge.
Professor emeritus Knut Sydsæter si lærebok i matematikk for økonomar er allereie omsett til ni språk. Foto: Ram Gupta
Boka «Essential Mathematics for Economic Analysis» er skriven saman med den tidlegare Stanfordøkonomen Peter J. Hammond, og er ei innføring i matematikk for økonomistudentar.
Rett før jul kom boka ut på det noko uvanlege akademiske språket albansk.
- Ein albansk student eg hadde likte opplegget i boka så godt at han tipsa læraren sin i Albania om ho. Det har tatt nokre år, men no er boka utgitt på eit albansk forlag og allereie tatt i bruk ved Universitetet i Tirana, fortel Knut Sydsæter, professor emeritus ved Økonomisk institutt.
Ikkje kvardagskost
Og dette er ikkje kvardagskost for ein norsk universitetslærar. Eit søk i BIBSYS viser at det knapt finst norske fagbøker utgitt i Albania. Dette inntrykket kan Albania-ekspert Cecilie Endresen stadfeste:
- Eg er temmelig sikker på at dette er den einaste norske fagboka omsett til albansk og utgitt i Albania, seier førstelektor Cecilie Endresen, Albania-ekspert ved Det humanistiske fakultet.
Ho har mellom anna søkt for SV-nytt i det albanske nasjonalbiblioteket.
Fleire på albansk
Det finst rett nok fleire andre SV-forskarar som har fått fagbøker ugitt i andre albansktalande land, men etter det SV-nytt har kjennskap til er ingen av desse utgitt i Albania.
I tillegg har antropolog Thomas Hylland-Eriksen fått utgitt boka "Et langt kaldt land, nesten uten mennesker" i Albania, mynta på barn av utanlandske foreldre som vil lære om Norge.
Sydsæter har med andre ord æra av å vere først med fagbok utgitt i Albania.
Redninga
At det vesle landet på Balkan skulle fatte interesse for ei norsk lærebok i matematikk, trur Sydsæter heng saman med måten dei underviser i matematikk på.
- Det finst mange dyktige matematikarar i Austblokklanda, men dei er ikkje er så gode på å relatere matematikken til økonomifaget. Dei underviser økonomistudentar i matematikk på same måte som dei underviser fysikarar.
Då boka vart utgitt i Ungarn vart den omtala som «redninga» for matematikkleie økonomistudentar, fortel Sydsæter.
Pop med norsk matte
For albanarane er ikkje aleine om å sette pris på Sydsæter si lærebok. Etter at den engelske utgåva kom i 1996 har læreboka mellom anna blitt omsett til tysk, italiensk, ungarsk, tyrkisk, portugisisk og spansk.
- Dersom dette hadde vore ei bok i matematikk for matematikarar hadde den nok ikkje hatt same popularitet, for der finst det mange gode bøker. I matematikk for økonomar derimot, finst det ikkje like mange, avsluttar matematikkprofessoren beskjedent.
Så står det berre att å sjå kva som vert neste språk ut!
