Instituttet har inngått samarbeid med University of Toronto og University of Pennsylvania

Økonomisk institutt har blitt tildelt midlar av Noregs forskingsråd for å vidareutvikle fagleg samarbeid og drive utveksling med leiande universitet.

Utveksling mellom partneruniversiteta er allereie i gang og både Yikai Wang og Hans Holter ved ESOP har nyleg besøkt University of Pennsylvania, medan Serdar Ozkan frå University of Toronto besøkte UiO i slutten av mai. Samarbeidet gir PhD-studentar moglegheita for utvekslingsopphald ved partneruniversiteta og å delta på PhD-kurs med forskarar som besøker instituttet. Det skal kvart år haldast eitt PhD-kurs med leiande økonomar frå partneruniversiteta. Fyrst ut i rekka er Diego Restuccia frå University of Toronto som skal halde PhD-kurs ved instituttet i august. Vidare er det i 2019 planlagd ein konferanse ved University of Pennsylvania.

Om INTPART

Internasjonale partnarskap for framifrå utdanning og forsking (INTPART) er eit program under Forskingsrådet som delar ut midlar til internasjonale partnerskap med formål om å utvikle verdsleiande fagmiljø i Noreg. ESOP var at eit av dei åtte fagmiljøa ved UiO som fekk tildelingar under utlysinga i 2016 for prosjektet "MacroCoop: Reserach and Education in Quantitative Macroeconomics with Focus on Inequality". Prosjektet er eit samarbeid med University of Toronto og University of Pennsylvania og fremjar kunnskapsutveksling mellom desse leiande forskingsmiljøa innanfor kvantitativ makroøkonomi. INTPART-programmet gir ei unik moglegheit til å byggje vidare på forholdet til dei to partneruniversiteta som allereie er etablert gjennom forskingsprosjekta "Heterogeneity in Macroeconomics: Empirical Evidence" og "Macroinequality". Prosjektleiar for ØI sitt INTPART-prosjekt er Marcus Hagedorn som også leiar Heterogeneity-prosjektet. ESOP får utdelt 3,5 millioner av Forskingsrådet som vert fordelt utover prosjektet sine tre år.

Les meir om INTPART-prosjekta som UiO fekk innvilga for 2016

 

Publisert 14. juni 2017 08:48 - Sist endret 1. nov. 2023 15:54