Ikkje overraska over Brexit

– Det var ikkje heilt uventa at fleirtalet av folket røysta for å melda Storbritannia ut av EU, seier senterleiar Erik Oddvar Eriksen til Uniforum.

Photo: (Mick Baker)rooster via Flickr

– Å ha ei folkerøysting om EU i Storbritannia i ein periode med mange kriser, er ein risikosport av dimensjonar. Grunnen til at statsminister David Cameron bestemte at det skulle haldast ei folkerøysting, hadde jo mykje meir å gjera med striden innanfor Det konservative partiet enn med det politiske forholdet mellom EU og Storbritannia. No treng både landet og Det konservative partiet ein god leiarskap som kan føra landet ut av EU. Uroa i partiet går ikkje over, sjølv om David Cameron går av.

Les heile intervjuet i Uniforum:

EU-forskar Erik Oddvar Eriksen: - Ikkje overraska over Brexit, Uniforum, 24. juni 2016

Publisert 28. juni 2016 14:42 - Sist endret 4. juli 2016 14:42