Ingen mellomstatleg orden å gå tilbake til

– Kven skal ha makta i Europa om ikkje EU? Tyskland? spør Erik Oddvar Eriksen i Dag og Tid.

I eit intervju med Dag og Tid seier Eriksen seg samd i at flyktningkrisa er ei stor utfordring for det europeiske prosjektet. Men han strekar under at løysingane må vera europeiske, ikkje nasjonale.

Han er ikkje samd i nederlandske Thierry Baudets analyse om at flyktningstraumen vil føre til samanbrotet til Schengen-avtalen og deretter oppløysinga av EU. 

– Å gå attende til nasjonalstaten er vonlaust. Det finst ingen stabil mellomstatleg orden å gå attende til.

Han viser til at EU og moderne konstitusjonar gir borgarane eit sekulært borgarskap. Dei gjev borgarane rettar i kraft av at dei er fødde i ein nasjon, ikkje fordi dei er medlemer av ei viss etnisk eller kulturell gruppe. 

I akademiske kretsar har kosmopolitismen oppslutning, seier Eriksen.

– Det tyder ikkje at ein er imot nasjonale verdiar, men at dei ikkje må kome på kostnad av menneskerettane. Dei er universelle. Nasjonalisme lèt seg vanskeleg rettferdiggjera. EU er samansett av mange land med ulike europeiske identitetar. Ulike identitetar skal respekterast. Det er trakatfest. Heller enn ein nasjonal patriotisme meiner eg det er viktig å halde fram den konstitusjonelle patriotismen som eit adelsmerke for Europa.

Les heile intervjuet her (pdf - kun for UiO-tilsette)

– Baudet føreslår kontrarevolusjon, Dag og Tid, 11. desember 2015, s. 14-15

Publisert 11. des. 2015 10:37 - Sist endret 11. des. 2015 10:37