Er det norske sjølvstyret i fare?

Noreg driv demokratisk sjølvskading med sin «åleinegang», seier John Erik Fossum til Bladet Forskning.

Forskningsrådets Bladet Forskning nr. 1/2014 er dedikert Grunnlovsjubileet 2014

John Erik Fossum er intervjua av Bladet Forskning om boka Det norske paradoks i ei utgåve som er dedikert Grunnlovsjubileet 2014.

Fossum viser til at Noreg har valt åleinegang og slik redusert si sjølvråding. «Gjennom å seie nei til den medbestemminga som eit EU-medlemskap ville innebere, har norske borgarar fråteke seg sjølv moglegheita til å vere med på å bestemme omfanget av og innretninga på europeiseringa.»

«Stortinget har vedteke EØS-tilknytninga gjennom ei prosedyre i Grunnlova som er basert på medlemskap i ein internasjonal organisasjon, kor føresetnaden er ei avgrensa overføring av suverenitet. Men EU er ikkje er nokon vanleg internasjonal organisasjon, men eit overnasjonalt system med klare konstitusjonelle trekk.»

Tre firedelar av lovgivinga som gjeld for medlemslanda gjeld og for oss, seier Fossum, og viser til at parlamentarismen er erstatta med eit system der norske interesser må handsamast av andre enn oss. «Surrogatrepresentasjon er ei omgrep som viser til ikkje-valt representasjon, der interessene eller verdiane til nokon blir framførte av representantar som ikkje kan haldast politisk ansvarlege for dei.»

« - Noreg har altså valt ei tilknytingsform til EU som gjer oss avhengige av at andre representerer oss, samstundes som desse "andre" har få insentiv til å gjere det nettopp fordi det er Noreg sjølv som har valt denne tilknytingsforma, avsluttar Fossum som håper vi i jubileumsåret kan få til ein skikkeleg debatt om temaet. - Spørsmålet om norsk EU-medlemskap er eit av dei viktigaste konstitusjonelle spørsmåla vi står overfor i vår tid.»

Les heile intervjuet her

Er det norske sjølvstyret i fare?, Bladet Forskning, nr. 1/2014 (februar)

Publisert 26. feb. 2014 16:38 - Sist endret 14. mars 2014 09:38