EuroPolis (avsluttet)

Ein viktig del av demokratiseringa av politikken i EU er at folk får høve til å diskutere felles problem. EuroPolis-prosjektet studerer korleis folk gjer seg opp meiningar, og om haldningar og partival endrar seg når folk folk får ny informasjon. Dette vert gjort gjennom eit sosialt eksperiment.

Frå EuroPolis-eksperimentet i Brussel. (Foto: EuroPolis)

Om prosjektet

Prosjektet testar levedyktigheita til borgardeliberasjon i den fleirspråklege og mellomnasjonale ordenen som EU er. Slik sett addresserer ein spørsmålet om demokratisk underskot i Europa, med eit særskilt fokus på valet på nytt Europaparlament i 2009.

Mål

Hovedtrekk ved EuroPolis:

  • nøye utvikla eksperiment som evaluerer korleis politiske og sosiale haldningar til EU endrar som følgje av eksponering for informasjon
  • ser på implikasjonane for deliberasjon med hensyn til politisk deltaking og valdeltaking
  • nøyaktig observasjon og evaluering av korleis borgarar sin kunnskap, samt haldningane og handlingane deira vert endra gjennom eksponering for nøye og balansert informasjon om politikk og deltakelse i gjennomtenkt deliberasjon under valkampar
  • gjev borgarar med ulike nasjonalitetar moglegheita til å konfrontere kvarandre, politiske ekspertar og politiske leiarar på europeisk nivå
     

Bakgrunn

EuroPolis er eit prosjekt som vert drive av fleire europeiske universitet og som vert finansiert gjennom EUs sjuande rammeprogram, samt eit nettverk av europeiske stiftelsar. Prosjektet vert leia av Compagnia di San Paolo. ARENA bidreg til arbeidet med Europolis sitt teoretiske rammeverk, som fokuserer på ein gjennomgong av litteraturen og av refleksjonar rundt EU sitt demokratiske underskot og deliberativ demokratiteori.

Finansiering

Finansieringen av prosjektet har blitt gjort mogleg av Europakommisjonen under 7th Framework Programme, Compagnia di San Paolo (Italia), King Baudouin Foundation (Belgia), Bosch-Stiftung Foundation (Tyskland), the Open Society Institute (Sveits).

Samarbeid

University of Siena – Circap (Italia), University of Essex (Storbritannia), University of Mannheim (Tyskland), Fondation Nationale des Sciences Politiques (Frankrike), Consejo Superior de Investigaciones Científicas (Spania), European Policy Centre (Belgia), Avventura Urbana (Italia), TNS Opinion (Belgia), Median Research Centre (Romania)

Instrument

EuroPolis-prosjektet nyttar Deliberative Polling®-metoden, ein tilnærming utvikla av professor James Fishkin frå Stanford University. Tilnærminga søkjer å setje prinsippet om at demokratisk legitimitet kviler på ein informert opinion, på open deliberasjon og på lik deltakelse av borgarar ut i praksis.

Publisert 1. okt. 2010 14:44 - Sist endret 6. aug. 2013 12:20

Kontakt

University of Siena
CIRCaP – Centre for the Study of Political Change
via A. Mattioli 10
I-53100 Siena, Italy
europolis@unisi.it

 

include:feed: Could not fetch object for cache entry with key "http://europolis-project.eu/rss/".